Minneord om Bjørn Ørbæk  Minneord om Bjørn Ørbæk
Publisert: 03.01.2019
Fotballprofil og tidligere Eidsvold Turn-trener Erling Hokstad var en av mange som fikk et nært forhold til Bjørn Ørbæk på Myhrer. Her er hans minneord om Turns supersupporter.
 
Ein sumar helt attende på syttitalet, fylgde eg Eidsvold Turn til seriekamp på Aksla Stadion i Ålesund (AaFK mot ETF). Det var avspark klokka 1300, og eg må seia eg vart glad då vi møtte Lise og Bjørn ved klubbhusdøra til AaFK. Dei hadde reist styggtidleg frå Eidsvoll og var framme i god tid før kampstart.
 
Slik heldt vel Bjørn på mest heile livet til støtte for laget i hans hjarta.
 
Bjørn og ETF var noko heilt spesielt. Når han var i nærleiken, var det som å ha ein stor flokk supportarar i ein person.
 
Til fotballklubbane kjem og fér trenarar og spelarar heile tida. Sume er ei stutt tid, andre er der lenge. Slik og i ETF. Med Bjørn var det anleis. Han var der støtt. Bak søndre målet stod han i all slags ver. Dei kjappe, kritiske og rosande kommentarane, dei treffande replikkane og dei utrulege tilropa var der heile tida.
 
Alt burde ha vore skrive ned i fleire bind. Fotballsoge på sitt aller beste.
 
Bjørn Johan Ørbæk, ingen over ingen ved sida. Minne om han vil leva på Myhrer Stadion i Eidsvoll. Ein god ven, en fotballkar av likaste slag.
 
Fred med minnet hans.

Erling Hokstad 
 
 
 
 
Hovedsamarbeidspartnere
Klikk her!
Hva skjer?
Calendar
Title and navigation
<<<januar 2019>>>
januar 2019
 mtotfls
5331123456
278910111213
314151617181920
421222324252627
528293031123
645678910
januar    2019
Google Translate
select